Årsresultata for 2011er no klare:
- HLB har omsetjingsvekst og økonomisk overskott for andre år på rad.
- Høgskulen er involvert i stadig fleire forskings- og utviklingsoppdrag over heile landet og har god fagleg produksjon
- HLB har og høgare studiepoengproduksjon enn nokon gong tidlegare.
Mange røyster – politiske og akademiske – hevdar i dag at det å satsa på regionale vekstsentra er einaste veg til folkevekst for distrikts-Noreg. Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) legg i dag fram ein forskingsrapport som stiller store spørsmålsteikn ved denne påstanden. Rapporten Tilflyttarar til utkant-Noreg? er skriven av dei erfarne bygdeforskarane Dag Jørund Lønning, Johan Barstad og Rhys Evans, og viser at med rett fokus og vedvarande innsats over tid kan også utkantbygdene i Noreg bli tilflyttingsvinnarar.
HLB har tilsett Daniel de Lange, professor ved Wiesbaden Business School, Hochschule RheinMain i Tyskland, i ei stilling som professor II i bedriftsøkonomi. Lange skal undervisa i økonomi og driftslære ved HLB og elles medverka i høgskulen sine forskings- og utviklingsoppdrag.
HLB er no medeigar i det nystarta kompetanseselskapet Rogaland Landbrukspark SA (RLP). Selskapet vert det største kompetansesenteret for landbruk i Noreg med nærare 150 arbeidsplassar, dei fleste lokaliserte på Særheim.
Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, seier at det kanskje mest spennande i den nye landbruksmeldingar handlar om at regionale skilnader i Noreg skal kunna utnyttast betre i landbruk og nye bygdenæringar. Dette gjer rom for nyskaping og kreativitet rundt bygderessursane, samtidig som tradisjonell matproduksjon kan styrkast ytterlegare der det ligg til rette for dette.
HLB set no i gang eit omfattande forskingsarbeid rundt kollektive oppfatningar og bruk av det opne og landbruksproduserte jærlandskapet. Målsetjinga er å koma opp med arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper, men som samtidig byggjer på eit aktivt jordvern.
Kommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og befolkningsutvikling.
Kva er løyndomen bak Voss sin suksess innanfor idrett, reiseliv og opplevingsnæringar?
Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) følgjeevaluerer Fylkesmannen i Nordland sitt pilotprogram ”Liv i fjøsan. Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner”. Dette programmet skal generera kunnskap om bruk av tomme driftsbygningar innanfor nye næringar. Programmet følgjer 10 tomme driftsbygningar i Nordland på vegen mot nærings- og kulturbygg.