english

rsresultat 2011Årsresultata for 2011er no klare:

  • HLB har omsetjingsvekst og økonomisk overskott for andre år på rad. 
  • Høgskulen er involvert i stadig fleire forskings- og utviklingsoppdrag over heile landet og har god fagleg produksjon
  • HLB har og høgare studiepoengproduksjon enn nokon gong tidlegare.

 

Les mer …

HLB Rapport_2_ForsideMange røyster – politiske og akademiske – hevdar i dag at det å satsa på regionale vekstsentra er einaste veg til folkevekst for distrikts-Noreg. Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) legg i dag fram ein forskingsrapport som stiller store spørsmålsteikn ved denne påstanden. Rapporten Tilflyttarar til utkant-Noreg? er skriven av dei erfarne bygdeforskarane Dag Jørund Lønning, Johan Barstad og Rhys Evans, og viser at med rett fokus og vedvarande innsats over tid kan også utkantbygdene i Noreg bli tilflyttingsvinnarar.

Les mer …

Daniel Lange_2HLB har tilsett Daniel de Lange, professor ved Wiesbaden Business School, Hochschule RheinMain i Tyskland, i ei stilling som professor II i bedriftsøkonomi. Lange skal undervisa i økonomi og driftslære ved HLB og elles medverka i høgskulen sine forskings- og utviklingsoppdrag.

Les mer …

LuftfotoHLB er no medeigar i det nystarta kompetanseselskapet Rogaland Landbrukspark SA (RLP). Selskapet vert det største kompetansesenteret for landbruk i Noreg med nærare 150 arbeidsplassar, dei fleste lokaliserte på Særheim.

Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, er valt til styreleiar for landbruksparken.

Les mer …

Dag Jrund_1._9.04.08_350_x_477Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, seier at det kanskje mest spennande i den nye landbruksmeldingar handlar om at regionale skilnader i Noreg skal kunna utnyttast betre i landbruk og nye bygdenæringar. Dette gjer rom for nyskaping og kreativitet rundt bygderessursane, samtidig som tradisjonell matproduksjon kan styrkast ytterlegare der det ligg til rette for dette.

Les mer …

Kvassheim 1HLB set no i gang eit omfattande forskingsarbeid rundt kollektive oppfatningar og bruk av det opne og landbruksproduserte jærlandskapet. Målsetjinga er å koma opp med arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper, men som samtidig byggjer på eit aktivt jordvern.

Les mer …

SamfunnsentreprenrskapKommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og befolkningsutvikling.

HLB tilbyr no Fagkurs i samfunnsentreprenørskap, eit høgskulekurs som gjev skreddarsydd og praktisk kunnskap om effektivt lokalt utviklingsarbeid.

Les mer …

SmalahovetallerkKva er løyndomen bak Voss sin suksess innanfor idrett, reiseliv og opplevingsnæringar?

Dette var temaet for den femte samlinga i det HLB-leia prosjektet Med gründerblikk på bygderessursar. 30 studentar frå HLB og HiL møttest over tre dagar i oktober for å prøva å finna ut kva som gjer at det heile tida poppar opp nye medaljevinnarar og opplevingsbedrifter på Voss.

Les mer …

Liv i fjsan illustrasjonHøgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) følgjeevaluerer Fylkesmannen i Nordland sitt pilotprogram ”Liv i fjøsan. Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner”. Dette programmet skal generera kunnskap om bruk av tomme driftsbygningar innanfor nye næringar. Programmet følgjer 10 tomme driftsbygningar i Nordland på vegen mot nærings- og kulturbygg.

HLB legg no fram rapporten frå midtvegsevalueringa. Denne viser tydeleg at i botnen for ei kvar vellukka omdanning frå tom driftsbygning til ny næringsarena ligg ein god porsjon menneskeleg kreativitet og skaparglede.

Les mer …

Side 1 av 2

Start
Forrige
1

Høgskuleutdanning for livskraftige bygdesamfunn

Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr fleksible høgskulestudiar med fokus på landbruk, nærings- og bygdeutvikling.

 Høgskulen ligg i Landbruksparken Særheim i Klepp kommune, eit av landets fremste kompetansesenter for landbruk.

Høgskulen er organisert som eit andelslag, og er eigd av regionale forvaltingsaktørar samt bedrifter og organisasjonar i landbruket, lokalt og regionalt. HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.

Utviklingskompetanse

Framtida vert skapt gjennom aktiv handling. Dette er spesielt viktig i ei verd i rask endring. Eit studium ved HLB gjev deg grunnleggjande utviklingskompetanse. Du lærer sjølvutvikling, du lærer å sjå med nye auge på ressursane rundt deg, du lærer vidareutvikling av eksisterande bedrift eller etablering av ny, og du lærer også å bli ein meir aktiv utviklar og pådrivar i forhold til dine sosiale, kulturelle og økonomiske omgivnader.

Utviklingsorientering pregar heile HLB si verksemd, frå undervisning til forsking og utvikling. Utviklingskompetanse er eit overordna læremål for høgskulen og for vår bachelorutdanning. Det er beskrive under kvart einskild studietilbod korleis ein oppfattar og nyttar dette læremålet. 

Abonner på Nyhetsbrev







Nett- og samlingsbaserte studiar. Bu heime!

Studiane ved HLB er nett- og samlingsbaserte. Korte samlingar vanlegvis ein gong i månaden frå september til april/mai gjer høgskulen tilgjengeleg for studentar frå heile landet. Ein kan bu heime medan ein studerer ved HLB! Kombinasjon med arbeid går og heilt fint. Studiane kan gjennomførast på heiltid eller deltid. 

Alle studiar er godkjende for lån/stipend i Lånekassen.

Studieavgift

Studieavgift er for tida kr. 670,- per studiepoeng.

Opptak til studiestart dersom ledige plassar. 

Siste Publikasjonar

Kontaktdetaljar

Høgskulen for landbruk og bygdenæringar

Landbruksparken Særheim                                                                                                                                                                                                                             Postvegen 213
4353 Klepp stasjon

Telefon: 51 79 94 00
Telefaks: 51 79 94 01

Epost: post@hlb.no

www.hlb.no

visjon