english

Våren 2010 lyste Innovasjon Noreg ut 13 millionar kroner (3 millionar øyremerka Nord-Noreg) til norske høgskular og Kake_for_Innovasjon_Noreguniversitet for å utvikla pilotsatsingar rundt integrering av entreprenørskap i høgare utdanning. 24.08 kunne Kommunal og regionaldepartementet og Innovasjon Noreg opplysa at det HLB-leia pilotprosjektet ”Med gründerblikk på bygderessursar” har vunne fram i denne nasjonale tevlinga. Innovasjon Noreg har løyvd 1,7 millionar til ei storsatsing der Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB), i samarbeid med Høgskulen i Lillehammer (HiL), skal motivera studentar til å bli entreprenørar og nyskaparar i distrikts-Noreg. 

Les mer …

I sommar vart det klart at HLB er godkjend som ein av 9 partnerar i det europeiske erfaringsutvekslings- ogLLP_logo læringsprosjektet Volare (Voice of the Learner as Real Enablement). Prosjektet ligg innanfor EU-programmet Grundtvig Lifelong Learning, og har, i tillegg til HLB, partnerar frå Tyrkia, Hellas, Bulgaria, Romania, Malta, Belgia, Tyskland og Storbritannia.

Les mer …

I områda Steigen/Hamarøy og Hattfjelldal i Nordland er ei spennande satsing på gang rundt omgjering av nedlagdeFr_tomme_fjs_til_heimeside driftsbygningar til kultur- og næringsinstitusjonar.  HLB har no fått i oppdrag å følgjeevaluera dette prosjektet. Arbeidet startar hausten 2010.

Les meir på våre prosjektsider.

BacheloroppslagKunnskapsdepartementet har godkjent Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) sin søknad om å kunna tildela bachelorgrad innanfor fagfeltet bygdeutvikling.

Utdanninga vert unik både i Noreg og Skandinavia, og vil gje eit spennande tilbod til nyutviklarar innanfor bygdenæringane, organisasjonslivet og i lokal/regional forvalting.

- Dette er eit stort steg vidare for ein liten høgskule, og kunnskapsinstitusjonen HLB får no ei enno meir sentral rolle i arbeidet med å sikra verdfull og naudsynt utviklingskompetanse for distrikt og regionar i Noreg, seier rektor Dag Jørund Lønning og studiesekretær Berit Skjæveland.

Les mer …

Rektor Dag Jørund Lønning har ein kronikk i Øyposten 10.06.10 om lokalsamfunnsutvikling og verdival. Kronikken er ein del av Finnøy si deltaking i EU Interreg-prosjektet Vital Rural Area, og eit forspel til eit større inspirasjonsseminar 5 august. Kronikken kan lesast her .

Dr. Rhys Evans er tilsett som ny førsteamanuensis i bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. rhys_01Dette er truleg den første høgare akademiske stilling i Noreg innanfor dette utviklingsorienterte fagfeltet.

Rhys Evans er britisk og kanadisk statsborgar og eit kjent namn innan europeisk bygdeutviklingsforsking.

Les mer …

Lista over eksterne forelesarar ved HLB for studieåret 2010/2011 byrjar no å verta klar. Eit av dei nye namna er HelgeHelge_Christie Christie, kjend mathistorikar og ein av dei i Noreg som kan mest om tilhøvet mellom matproduksjon, WTO og globalisering.

Les mer …

Høgskuleutdanning for livskraftige bygdesamfunn

Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr fleksible høgskulestudiar med fokus på landbruk, nærings- og bygdeutvikling.

 Høgskulen ligg i Landbruksparken Særheim i Klepp kommune, eit av landets fremste kompetansesenter for landbruk.

Høgskulen er organisert som eit andelslag, og er eigd av regionale forvaltingsaktørar samt bedrifter og organisasjonar i landbruket, lokalt og regionalt. HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.

Utviklingskompetanse

Framtida vert skapt gjennom aktiv handling. Dette er spesielt viktig i ei verd i rask endring. Eit studium ved HLB gjev deg grunnleggjande utviklingskompetanse. Du lærer sjølvutvikling, du lærer å sjå med nye auge på ressursane rundt deg, du lærer vidareutvikling av eksisterande bedrift eller etablering av ny, og du lærer også å bli ein meir aktiv utviklar og pådrivar i forhold til dine sosiale, kulturelle og økonomiske omgivnader.

Utviklingsorientering pregar heile HLB si verksemd, frå undervisning til forsking og utvikling.

Abonner på Nyhetsbrev







Nett- og samlingsbaserte høgskulestudiar

Studiane ved HLB er nett- og samlingsbaserte. Dette gjer høgskulen tilgjengeleg for studentar frå heile landet. Det er kortare samlingar frå september til mai/juni, og studiane kan gjennomførast på heiltid eller deltid. 

Alle studiar er godkjende for lån/stipend i Lånekassen.

Studieavgift

For studiar i året 2010 - 2011 er studieavgift kr. 670,- per studiepoeng.

Søknadsfrist 15 mai
NB! Søknadsfrist for opptak til bachelorprogrammet i bygdeutvikling 2010/11 er 31 august.

Opptak til studiestart, dersom ledige plasser.

Kontaktdetaljar

Høgskulen for landbruk og bygdenæringar

Landbruksparken Særheim                                                                                                                                                                                                                             Postvegen 213
4353 Klepp stasjon

Telefon: 51 79 94 00
Telefaks: 51 79 94 01

Epost: post@hlb.no

www.hlb.no

visjon